Slik blir kjøkkenet vårt. Og konklusjonen er vel at å teikne kjøkken tek tid.
Då vi byrja skulle vi i allefall ikkje ha vasken under vindauget og benkeplata skulle absolutt vere 40 mm, ikkje standard 30 mm. I det ferdige resultatet er vasken under vindauget, benkeplata er 30 mm, oppvaskmaskina er heilintegrert utan display og vi har mikro. Mykje har endra seg, men kanskje allermest tankegangen vår. Slik blir det i allefall:
Ovanfrå.
Frå spisestua/trappa/stova.
Bak barløysinga blir spisestua.
Dermed blir mitt råd til andre kjøkkenbyggarar å starte tidleg. Og å teikne hjå fleire leverandørar. Mykje var likt frå dei ulike leverandørane, men det var tilslutt kjemien og sørvisen frå vår leverandør som gjorde utslaget. Dermed kan eg varmt anbefaler å handle kjøkken med Elin her, om du tilfeldigvis var på utkik etter kjøkken her i distriktet.
Kva herlegheita kosta lurte du på? Det skal eg kanskje fortelje ein anna gong...*ler*
Anita
PS. Takk for innspel om spottar, kjekt å høyre erfaringar!

















